Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
BØKER

På tur med fiskestonga i sekken 2010
Alltid eit fjell 2009 -utseldt
Stølsturar på Voss, 2008 -utseld
Turar i Vaksdal, 2007
DNT,årboka 2007
Turar på Voss, 2006 - utseld
Turgleder i Hordaland, 2005

     

På tur med fiskestonga i sekken 2010

 
Frå salget på Gullfjordungsmessa 21.november 2010.  Sveinung klyve flankert av tiuren frå Herresåsen. Foto: Svein ulvund

Signerte fiske- og turbok på Vangen

Publisert: 27.11.10 kl. 18.22
Skribent: Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no

VOSS: Forfattar Sveinung Klyve si nye bok kom til Voss i går, fredag. I dag sat han hjå Voss bokhandel og signerte boka si.

Det  store samtaleemnet på Voss bokhandel i dag, laurdag, dreia seg om fiske og fine fjellturar. Folk som kom inn og ville kjøpa boka til Klyve hadde mange meiningar om fiskeplassar og delte turopplevingane sine med Klyve. 

Skravla går

%96 Eg las om boka i «Hordaland» for nokre dagar sidan og tenkte at den lyt eg skaffa meg, seier utflytt vossing, Olav Vatne, i det han kjem inn i butikken.

Det tar ikkje lange tida før både Vatne og Klyve er i gang med å dela erfaringar om både fjellturar og fiskeplassar rundt om i fjella. Det er berre så vidt journalisten får høve til å stilla dei to nokre få spørsmål, slik skravla deira går. Det mangla i alle høve ikkje på engasjementet hjå dei to.

Kombinert fiske og tur

Vatne har gått mykje på turar i vossafjella, men går og fiskar mykje på Kvamskogen også.

%96 Det er ikkje så stor fisk der oppe, slår han fast.

%96 Då er det berre å gå nordover så kjem du til fleire fine fjellvatn med fin fisk i, forklarar Klyve. Han slår opp i boka si for å syna kva fangst han har fått i fjellvatna han snakkar om.

Vatne strekkjer seg etter eit signert eksemplar av boka til Klyve. Han blar litt i ho og bestemmer seg for å kjøpa.

%96 Eg kjøper ikkje boka berre for fiskestadane sin del, men også for dei fine turane han skriv om, seier Vatne. Han fortel at han har gått fleire av turane som er skildra i boka tidlegare.

Neste sommar er Vatne mykje truleg på fiskefjelltur ein stad mellom Kvamskogen og hamlagrøfjella

 
 
Pressemelding  fiskeboka:
 
Med fiskestonga i sekken
 
Frå eg var liten, har gleda vore stor over å få oppleva stadig nye ting i naturen.  Fiske var noko som fenga meg frå eg var ein neve stor. Boka  er den 7 i rekkja av naturbøker eghar vore med på dei siste åra.  Boka er eit samarbeid med Bergen Turlag, for å få fleire ut på tur og brukar tilrettelagde stiar og hytter meir.
 
Eg har i denne boka  prøvd å plukka ut 13 turar  som eg anbefalar deg å ta. Turane viser litt av den variasjon me har i vårt nærområde
i Stølsheimen og Bergsdalsfjella.  Dette er ikkje ei bok for fiskespesialisten, men for den som går på tur og av og til og tek med seg fiskestonga i sekken.  Ein fin fottur kan også vera ein fin fisketur og omvendt.  Gleda av å liggja ved eit vatn i hytte eller med telt er stor, når ein også kan hausta eigen middag med fiskestonga. Har du foresten prøvd cicada-sluken ?  Her får du nye opplevingar på fisketur.  Ein eigen faktadel med kart og info fortel deg alt om korleis du kjem på rett stad, kjøp av fiskekort osv. Her er årets julegåve for den naturglade...
 
Fakta:
Boka kjem i salg frå 26. november 2010, 94 sider , John Grieg .  Pris kr 249
Tekst og foto: Sveinung Klyve


 
 

 
        Rediger