Tiurleik 28.4.2011. Det er no høneveka og stor aktivitet på leiken. Masse tiur og røy i sentrum av leiken og fleire parringar frå kl 5-9 på morgonen. Alt skjer berre 5-20 m frå kamuflasjeteltet.
Sjå video frå parring og slåssing her.

Alt om kvelden kjem tiuren inn og spelar på bakken før han set seg til å sova i eit tre. alt i 4-tida
byrjar han å klunka i treet og i 5-tida kjem han ned på bakken og tiurspelet startar for fullt.
Tiuren har omkransa røya som er parringsvillig og har lagt seg på bakken
Parringa er over på 8-10 sekund.
Røyene vert jakta på av ivrige tiurar.
Dette er sjefen med stor flott halevifte
--- Syns denne teksten av Geir Lystrup høver i desse tider!
Tiur-leik.
Eg vi’kje sova,eg vi’kje vaka.Eg sit på leikmyri ,frys meg klaka.Eg vi’kje leva,eg vi’kje døy. Eg er ein tiur forutan røy.
Det var ei vårnatt på leikarvollen.Me låg med kikkert bak parasollen.Mi møy og eg uti Guds natur,ville sjå når tiuren tek seg brur.
Men aldri høyrde ell’ såg me tiur,for fullt av telt sto til båe si’ur. Der var det klunking og klirr og preik,frå naturistar som låg på leik.
Ut av eit telt kom ein katt frå Drammen,han prøva lure frå meg madammen. Han baud på tiur på video,ho let seg lokke,og vekk var ho.
Eg skjøna snart der var fugl i mosen.For bort til teltet hass,dro opp låsen.Der såg eg orrspel for ein zoolog,og det var’kje video,det eg såg.
Eg vi’kje sova,eg vi’kje vaka.Eg sit på leikmyri,frys meg klaka.Men fær eg leva og ikkje døy,kjem eg att til våren og finn meg røy!