Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
OM OSS

Godt nytt år 2015
Flotafiske på Stamnes
Stetind i Nordland - Norges nasjonalfjell
Tiurleik - det store vårspelet
Reinsdyrmøte på vårsnø
På jakt etter Steinalderen

     

Voss Foto og miljø

 er eit 1-personsfirma som vert dreve av Sveinung Klyve.

Dersom du som privatperson, di verksemd eller lag/forening har bruk for foto i marknadsføringa eller som foredrag, så tek eg på meg slike oppdrag.
Eg er fødd i 1960 og er frå Voss. Eg har kone og tre barn.
Eg er utdanna innan naturforvalting og er i tillegg næringsmiddelteknolog frå Statens næringsmiddeltekniske skule i Trondheim.

  • Eg jobba 1985-1992 ved næringsmiddeltilsynet for Nordhordland og Gulen.

  • Sidan 1992 har eg vore miljøvernrådgjevar i 80 % stilling i Vaksdal kommune. Eg har der hatt ansvar for miljøvern, internkontroll (hms), informasjon og foto.

  • Eg er ein aktiv brukar av naturen heile året og er breinstruktør i Den Norske Turistforening. Eg har også vore med på å starta Borna sitt turlag (lag under Voss Utferdslag) på Voss. Eg har god erfaring med å arrangera leirar for born og vaksne på Småbrekke i Bergsdalen der Vaksdal kommune har hatt leir sidan 1996. Eg er også guide på steinalderstaden Skipshelleren på Stamnes.

  • Eg jobbar fast som guide for Voss Raftingsenter med guiding av turistar på fjelltur, kanotur, fisketur,klatretur.

  • Eg har også oppdrag for firma for guding av lengre fjellturar i Sør Norge. Mellom anna i Jotunheimen.
Bildetema:
Eg har ca 130 000 historiske bilde frå perioden 1975 til 2001. Desse bilda er slides teke på 50 eller 100 Asa film i 35-småbildeformat. Bilda er arkivert i hengemapper i arkivskap.


Sidan 2002 har eg også brukt digitalt speilrefleks og har digitale filer lagra.


Av tema har eg dei fleste ting ein finn i natur, kultur og folkeliv: som dyr plantar, fisk, landskap, geologi, bygdene, folk, kultur, miljøvern, friluftsliv og ekstremsport. Det er bilde frå heile Vestlandet, men svært godt bildeutval frå Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Osterfjord og Nordhordland.

Eg har sidan ca 1980 brukt bilda til artiklar i aviser, blad på prospektkort, brosjyrer , internett, og foredrag i ulike lag, foreningar,  seminar 

Sidan 1999 har eg i lag med Voss Prenteverk gjeve ut Vossakalendaren med bilde frå Vossebygda.

Sidan 2005 har eg årelg gjeve ut turbøker.

Faste arrangement:
Sidan 2001 fotografert Vossajazz sine arrangment.
Sidan 2000 har eg fotografert ekstremsportveko på Voss

Åsnes ski:
Eg har avtale med Åsnes ski og tek bilde til skikatalogen og lagar artiklar på nettsida. Sjå www.asnes.com

Voss Fjellandsby:
Eg har avtale med Voss Fjellandsby i Myrkdalen og lagar artiklar til nettet og på trykk. Sjå www.vossfjellandsby.no


Vaksdal kommune:
Eg har bilde på Vaksdal kommune sine sider.



Hordaland avis:
Eg har avtale med Hordaland avis og leverer artiklar til nett og papir. Sjå. www.avisa-hordaland.no


Foto sidan 1975:
Eg starta etter konfirmasjonen min  i 1975 med foto med eit manuelt Ricoh singlex tls, som då kosta kr 1000 (dyrt). Linsene hadde manuell fokus og lysmåling.
Etter den tid har eg gått graden med opplæring i svart-kvitt mørkerom.
Eg har teke i bruk det nyaste av småbildekamera og linser som til ei kvar tid har kome på markedet.

Fotoutstyr i dag:
Nikon småbildekamera.
Objektiv: 14-400 mm
Digitalt kamera: Nikon D-300

Kamerhus: F 100
Framvisar: Kodak carousel 2 stk, overtoningsenhet og lydutstyr, stort lerret.
Nikon undervasskamera
Nikon lysbilde-scanner ls 4000


Dersom du treng reklameseriar for vi verksemd, prospektkort, brosjyre og liknande har eg erfaring med bruk av bilde til dette. Eg kan scanna slids til bruk på trykk eller nettet.


Dersom di verksemd treng dekorasjonar på veggen, kan eg levera slike med eller utan ramme.
Ferdig innramma får du i ulike storleikar med eller utan passepartout.


HMS-system:
Eg har laga system for helse miljø og sikkerhet for Vaksdal kommune, Voss og omland næringsmiddelkontroll og Granvin kommune.

 
        Rediger