Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
REPORTASJAR

Ministrar på besøk
Stork i vinterkulda
Sognefjellet lokkar med fine skiturar
Kald februar over Lønavatnet
Nytt år
Fullmåne
Morgonstemning
Levande bjørk
Sopptur
Einsam laksefiskar i Bolstadfjorden
Skisegling på Finse
På jakt etter steinalderen i Skipshelleren
Reinsdyrmøte på vårsnøen
Kongeørn måtte ha hjelp
Tiurleik - det store vårspelet
Finborud og det norske skieventyret
Møte med kronhjorten
Ishotellet i Alta
Solnedgang i skodde på Slettafjellet
Reinsdyrmøte på Vikafjellet
Måne
Istid

     

Einsam laksefiskar i Bolstadfjorden

Reportasje frå sommaren 2010

Sjå artikkel om laksefisket her.


24. august fekk Eirik Normann ein vill Vossolaks på 16,5 kg på sitjenot på Skolmen. Det er mange År sidan nokon har sett ein slik fin fisk i fjordane våre. Foto. Tore Wiers
Den siste tida i august har det vore historisk sus over fisket på Skolmen med fleire laksar kvar dag i sitjenota. Ein dagen fekk Eirik Normann heile 13 fiskar.

Totalt frå juni-august 2010  han fått ca 115 ville laksar og 30 oppdrett i sitjenota på Skolmen og 2 kilenøter i Bolstadfjorden. Situasjonen er difor gledeleg og annleis enn dei siste åra då fisket har vore prega av mykje rømt oppdretslaks.
I år har det vore mykje såkalla tert, altså laks på ca 2 kg. Desse har vore heilt borte dei tidlegare åra. Då han innsåg at han hadde fått seg ein storrugg i nota 24. august runga jubelbrølet mellom fjella på Vikafjorden. Den store fisken på 16,5 kg var ein hannfisk. Han var ein skikkeleg knubb på 113 cm og var både snutemerka og klipt feittfinne på, noko som fortel at fisken er produsert som yngel i Voss klekkeri og sett ut i elva av dei. Ein slik fisk har truleg vore fyrst 3 år i elva og ca 5 år i sjøenog er truleg på  veg inn i Vosso for å gyta for andre gong.
Desse resultata i sommar gjev eit friskt håp om at dette berre er starten på at redningaksjonen for Vossolaksen er i ferd med å lykkast. Fisken er teke vare på og lever i beste velgåande.


Eirik er no den einaste sitjenotfiskaren i Osterfjordsystemet. Han har spesial løyve frå fylkesmannen til å driva forskingsfiske, for å fylja med kor mykje fisk det er. Opp til gilja 22 m over sjøen er det bratte stigar som leiar fram til ei lita hytte som er innreidd med kjøkken og senger. Her budde folk i vekesvis i gamle dagar.


 
 
 Reportasje frå 2009

Eirik Normann (22 år) sit på sitjenota på Skolmen ved Stamnes.

Etter vel 1 mnd fiske har han fått berre 18 ville laksar.  Dette er mindre enn ein dagsfangst i gode gamle dagar.

Laks i nota

Då eg besøkjer Eirik Normann på Skolmen, har han nett fått ein laks i nota.  Han hentar meg med robåten og eg vert med å "turka nota" .  - Fisken var stor og såg vill ut,så no er eg spent, seier Eirik ivrig.

Snart sprelar fisken i overflata og Eirik tek han varsamt inn i båten.  Dette er ein fin fisk på ca 10 kg.  Eirik stryk handa over finnane.  -Eg er dessverre redd for at det er ein rømt oppdrettsfisk, men eg må sjekka skjella i mikroskopet for å vera sikker, seier han. 
Fisken vert teken vare på i live.  Dersom han er oppdrett vert han avliva.  Er han vill vert han brukt til vidare avl i Vosso.

Om lag 20 lakselus på kvar side av fisken.  Dette er ei plage for fisken og kan gje stygge sår. Fisken vert vegen, målt, det vert talt  lakselus og det vert teke skjellprøve

 

 

Åleine med not i sjøen

Eirik er no den einaste sitjenotfiskaren i Osterfjordsystemet. Han har spesialløyve frå fylkesmannen til å driva forskingsfiske, for å fylja med kor mykje fisk det er.

Opp til gilja 22 m over sjøen er det bratte stigar som leiar fram til ei lita hytte som er innreidd med kjøkken og senger.  Her budde folk i vekesvis i gamle dagar.

På vel ein månad i år har Eirik teke 45 laksar, derav 18 ville. Det tok dei på eit par dagar i gamle dagar då fisken stod tett innover fjorden og det var teke ca 15 tonn laks på ein god sesong.

 

Time etter time med speiding på nota frå tidleg morgon til sein kveld

 

76 laksar på ei veke

På eine veggen på Skolmen er det skreve  at det vart teke 76 laksar på ei veke i 1979. Lars Arild Vik, som sat på nota den veka fortel om eventyrfiske, då han fekk heile 33 laksar på eit kast eine dagen og den største fisken var på 32,5 kg.  - Den tida er over seier Eirik, som til tross for at han har sperra nesten heile fjorden, ikkje får laks kvar dag eingong.

17. august slutta han fisket for godt denne sommaren.   Han har ei   kilenot som  vil stå ute ved Straume ut september. Hittil har det vore lite fisk å få der.  Helge Furnes fiskar også med ei kilenot på Furnes. Han fortel også om berre om 6-7 fiskar på 2 mnd.

I 2008 fekk Eirik 129  laksar, derav 86 ville.  I 2007 vart det 17 ville og i 2006 vart det  41 ville laksar. Dette er 7. året han fiskar i fjorden med kilenot eller sitjenot.  

 

På veggen står der: 1979 - 9.7-13.7, 76 laks.  Alså så mange laks på berre ei veke.

Lokal opplæring

Han starta heilt yrøynd med sitjenotfisket i 2002 og fekk opplæring hjå mellom anna Øyvind Farestveit og Atle Tysse. Det tek 2 lange dagar å setja ut nota og masse streng, tau og blåser må til for å få ho til å stå rett.  Så tek det samme tida å få inn att alt saman når sesongen er over.
Eirik  har vakse opp på Straume vd Bolstadfjorden og har heile livet vore fiskeinteressert. 

 

Eirik har skyssa meg over og er på veg på vakt att.

Studerer

No har han klart å halda i hevd ein gamal fisketradisjon for å fylgja med fisken for forskarane på universitetet i Bergen.  Her tek han også sine studiar for tida og vil ta hovudfag innan temaet om laks dei næraste åra


 
        Rediger