Kongeørn måtte ha hjelp
Like før påske fall to kongeørner, som truleg var i slosskamp, ned like ved Dale sentrum. Den eine var såpass skada og våt at Tore Wiers, lokal fuglekynnig, tok seg av fuglen. Heldigvis gjekk alt vel og fuglen kom seg ut i det fri att.

Eg har hatt ei vaksen kongeørn i forvaring for å tørka ho opp att og for å fylgja med den eine kloa som var skada. Truleg har det vore kamp om territoriet ved hekkeplassen. I slike kampar hengjer dei seg ofte fast i einannan med klørne og kan falla i bakken. Den einevar våt og skada i den eine kloa der ho låg på bakken. Den andre flaug avgarde. Den skada fuglen vart teke i forvaring i eit lite "dokkehus" og fora med rype, kotlettar og kylling. Det slo godt an og etter ei god veke i eit tørt lite hus var kloa fin att, seier Wiers.
1. april vart kongeørna sleppt fri att ein stad i Vaksdal. Ho tok vengene fatt med ein gong - og flaug rett til fjells att - der ho høyrer heime. Ein ørnetragedie var snudd til ørnelykke, og stor takk til ørnemannen Tore Wiers
|