Juleskitur ved Gudmundset i Raundalen
Snødekte tre i solnedgangen
Frå Liaset ovanfor Lemme på Kyte er utsikta fin over Vossebygdene i slutten av desember.
Ferdig pynta juletre

2 havørner har truleg teke livet av ein sangsvane 3.12.2010 på eit islagt vatn på Voss.
Eg ser ein havørn som sit på ein sangsvane på Seimsvatnet. Eg stoggar bilen og får nokre fine bilde. Svanen ligg rett fram og ser ut som han er slått bakfrå. Han var ikkje frosen fast til isen. Ørna nappar fjør og et i ferskt kjøt så det ser ut til å ha skjedd nyleg.
Ein sansvane blir normalt omkring
140-160 cm lang. Vingespennet er cirka 205-235 cm og vekta 9-14 kg.
Havørna er Vingespenn 200-245 cm. Vekt 4 kg hann og ca 6 kg hoa. Ørna
får kvit hale når dei er kjønsmogne ca 5 år gamle.
To vaksne havørner med kvit hale. Den eine har rød ring på venstre foten og blå på høgre foten. Truleg merka i 2002. Den andre er umerka.
Ørna vart skremd og flyg avgarde. to kråker sit att på isen.