Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Turar Vaksdal
Andre turar
Vassfjøra - majesteten over Ulvik
Storebjørn og Smørstabbtind - sommarskitur
Storebjørn og Smørstabbtind i Jotunheimen
Blåhø - kremtopp i Trollheimen
Alta - Øvre Tverrelvtind- bratt skitur
Kvitegga i Sunnmørsalpane
Store Ringstind

     

Store Ringstind



Store Ringstind (2124 moh.) er ein av Jotunheimen sine finaste skitoppar med
fantastisk utsikt og herleg nedrenn. Med start frå Turtagrø er dette
ein fin dagstur i mai-juni
 
Foto: Store Ringstind 2124 m



Majestetisk skitopp
Store Ringstind er kanskje fyrst og fremst ein skitopp. På godværsdagar i
mai-juni kan det på fine dagar vere over 100 skiløparar på denne
toppen. Til tross for store sprekker på breen, kan ein ta seg ganske
trygt til toppen utan sikring dersom snøtilhøva er brukbare og ein
fylgjer ein trygg trasé. På sommeren er sprekkfaren større, tilkomsten
tyngre og det er få som besøkjer toppen.
Utsikta frå Store Ringstind er fantastisk, sentralt plassert som den er i Hurrungane. Ein
godværsdag på toppen er ei oppleving for livet og nedkøyringa på ski
likeså.

Foto: Kveldsstemning



Vakker kveld på Turtagrø med Skagstølstindane, Dyrhaugsryggen og Store Ringstind

Foto: Første etappe



På veg 2 km langs vegen mot Årdal og så inn Ringsdalen bak til venstre

Foto: Majestetisk



På veg inn Ringsdalen ser me masse folk mot felles mål som er Store Ringstind 2124 moh.

Ringsdalen omkransa av spisse toppar
3. mai 2008 hadde eg med ei turgruppe med 13 personar frå Statoil-Hydro i
Bergen. Etter å ha lege på veret eit par dagar var det blå himmel om
morgonen og me såg toppen av Store Ringstind. Kl 9 la me ut frå
Turtagrø. Då me tok til på den nesten flate Ringsdalen vart me møtt av
ei vakker utsikt, ei mengd flotte fjell på rekke og rad. Det var masse
folk på farten denne dagen og alle hadde det same målet. Inst i dalen
stig det bratt opp på alle kantar. Den normale vegen er opp ein bratt
snøbakke på 300 høgdemeter mot nord. Me kunne kryssa denne diagonalt på
ski, men av og til er der hardt og ein må gå til fots eller i verste
fall gå med stegjern (sjeldan). Bakken er over 30 grader og kan vera
rasfarleg tidleg på vinteren. Så fekk me ein liten nedoverbakke før me
var inne på Ringsbreen. Me gjekk under Midre Ringstind og fekk ein
bratt diagonal brebakke. Desse høgare under Midre ein går dess slakare
vert bakken. Etter ein halvtime var me oppe på eit slakt band mellom
Midre og Store Ringstind med fin utsikt mot Stølsmaradalstind. Her var
det godt me ein ny pause før ”toppstøtet”.


Foto: Bratt stigning



På veg opp den bratte bakken mot nord frå Ringsdalen. Frå venstre toppane Dyrhaugsryggen, Østre og Midre Ringstind.

Foto: Nysnø og masse folk



Toppstøtet av Store Ringstind med skodde på toppen.

Toppstøt i tett skodde
Herifrå startar den lange snø- og brebakken mot toppen av Store Ringstind.
Fyrst gjekk me litt mot sør og så mot nord opp til foten av ein ganske
bratt snøhelling under toppen. Dei siste 50 høgdemetrane er bratte, men
me hadde gode forhold med nysnø. Somme gjekk med ski heilt til topps. I
dette området kan det vara farlege sprekker, då er sikringsutstyr
nødvendig.
Dette siste stykket mot toppen låg i tett skodde. Den
fantastisk utsikta fekk me ikkje sjå sjølv om me sat og venta ein time
på toppen. Det var mykje folk alle stader i den tette skodda på veg mot
toppen. Skoddedotten som låg øverst oppe og kjempa mot sola som av og
til braut gjennom, forsvann ikkje før me var nede att i Ringsdalen 2
timar seinare. Sjølve toppen av Store Ringstind er ein smal nord-syd
gåande egg, omlag 100 meter lang, men ikkje smalare enn at dei fleste
vil klara det. Mot vest er det stup rett ned.

Foto: På toppen



Statoil-Hydro gjengen på toppen, glade og nøgde.

Det var ca 30 stk på  toppen då me var der og heller trangt på den smale eggen. I løpet av
dagen var nok 100-150 personar på toppen.
Me fekk oppleva at returen kan være vanskelig å finne i tåke, men heldigvis hadde me GPS
og skispora å fylja, for det er farlege stup på veg nedover. Det var
silkeføre med nysnø og fantastiske svingforhold. Nede att mot Midre
ringstind var me under skodda og fylgde så samme vegen ned att som me
kom opp.

Foto: Full fart



På veg ned att frå Ringsbreen, under Midre Ringstind.

Foto: Her var det bratt



På toppen av den bratte snøbakken ned mot Ringsdalen.

Foto: Ringsdalen



Så ut den slakke Ringsdalen i blaut vårsnø.

Foto: Tilbake ved Tutagrø



Nede att ved Turtagrø med Skagastølstindane i bakgrunnen



Fakta om turen
Kart: Hurrungane 1517 IV
Vanskegrad: Middels til tung. Nokre bratte bakkar.
Tidsbruk: 4-7 timar (opp 3-5 timar) (nedr: 1-2 timar)
Få info på Turtagrø om det er opne sprekker og behov for bretau.

Skiutstyr
Eg brukte Åsnes storetind med brei langfelle.
Dei andre brukte variert utstyr av tung eller lett type.

 
        Rediger