Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Turar Vaksdal
Andre turar
Vassfjøra - majesteten over Ulvik
Storebjørn og Smørstabbtind - sommarskitur
Storebjørn og Smørstabbtind i Jotunheimen
Blåhø - kremtopp i Trollheimen
Alta - Øvre Tverrelvtind- bratt skitur
Kvitegga i Sunnmørsalpane
Store Ringstind

     

Kvitegga i Sunnmørsalpane


Sunnmørsalpane er ein tindeverden som du ikkje opplever maken til i heile Norge.



Kvitegga (1691 moh.) er høgaste fjellet og har formidabel utsikt.
At Sunnmørsalpane er vorte eit begrep skjønar du når du kjem til området,
for her stikk det tinderekkjer opp alle stader, nett slik som i Alpane
i Østerrike. -Men det spesielle på Sunnmøre er at mange av fjella
attpåtil går heilt frå fjorden og over 1000 m rett i veret.

Over Geirangerfjorden:
Eg besøkte min gode ven Arnt Flatmo i Ålesund og brukte han som lokal
guide for skiturar i området. Arnt Flatmo er tindebestigar av rang. Han
har budd i Ålesund i 3 år og har på denne korte tida vorte lokalkjend i
fjella her. Han har laga den fantastiske nettsida
www.westcoastpeaks.com som har flotte beskrivelsar med tekst, kart og
bilde frå turar i området. Det spesielle er hans omfattande namnsetjing
av fjelltoppar ein ser på turane. I tillegg til Arnt Flatmo var også
Svein Myhre med på Kvitegga. Han er lokal innfødt og oppvaksen med
Sunnmørsalpane rett utfor døra.
10. mai kom me med bil frå
Ålesund. På ferja og med bil langs fjord og over fjellovergangar fekk
me ei herleg utsikt mot spisse tindar overalt. Forbi Sykkylven og
Stranda, over Strandadalen og høgt over den vakre Geirangerfjorden på
veg nedover mot Hellesylt. På Tryggestad svinga me av opp mot
Norangsdalen. Etter ca 1,5 km tok me av til venstre inn på ein skogsveg
merka ”Snødalen”.

Bratte kneikar:
Me er blant dei
første som legg ut på denne turen denne morgonen, men bak oss kjem det
i løpet av dagen ca 20 personar til som vil på denne kjende toppen i
finveret.
Dei første par hundre høgdemetrane er det like mykje
skibering som skigåing. Først over skoggrensa finn me samanhengjande
skiføre. Me fylgjer normalruta opp den søraustvendte Snødalen. På veg
opp var me innom Blåfjellet (1274 m oh.). Her fekk me ei fantastisk
utsikt nedover Norangsdalen og kjende toppar som Slogen og
Smørskredtindane.

Foto: Opp Snødalen



Opp bratte kneikar i Snødalen med grøne bakkar og vår ved Trygestad og mot Hellesylt i bakgrunnen.

Foto: Blåfjellet mot Norangsdalen



Blåfjellet (1274 m oh.) med Svein Myhre og Arnt Flatmo og ei fantastisk utsikt
nedover Norangsdalen og kjende toppar som Slogen og Smørskredtindane bak.

Foto: Kviteggamassivet



Mot nordvest reiser Kviteggamassivet seg med enno 400 m stigning til toppen. Hovedtoppen nr 2 frå høgre.

Foto: Mot toppen



Svein  Myhre langs hengeskavl med Norangsdalen og kjende toppar som Slogen og

Smørskredtindane bak og Kvitegga-toppen sin brekalott til venstre.

 Oppe på 1600 m flatar fjellryggen ut og me får
utsikt mot vest, og mot sør ligg Jostedalsbreen si massive kvite flate
med Lodalskåpa som ei vorte oppå.
På toppen av Kvitegga får me eit rundskue som er heilt utruleg. Kvitegga er
i  sentrum i Sunnmørsalpane. Tindar på tindar i 360 grader og langt der
nede under oss ligg Hjørundfjorden. Ein lang pause må til for å få med
seg utsikta i finveret.

Foto: Toppen av Kvitegga



Sveinung Klyve på toppen av Kvitegga med tindepanorama bak. Foto: Arnt Flatmo.

Foto: Toppen med hjørundfjorden



Toppvarden av Kvitegga med Hjørundfjorden langt nedunder.

Foto: Mot Jostedalsbreen



På heimveg og mot sør ligg Jostedalsbreen si massive kvite flate med Lodalskåpa som ei vorte opp

Heimturen gjekk i flott nedrenn med ein
avstikkar bortom Kvanngrønibba (1495 m oh.) med utsikt til
Geirangerfjorden. Me valde ei bratt og litt utsett nedkøyring til
Vardfjellet (1028 m oh.) før me var nede att i Snødalen sin vårgrøne
bjørkeskog.
Turen attende til Ålesund var ei ny opplevinga med
prangande utsikt opp mot spisse fjelltoppar som me var på toppen av
nokre timar før.

Foto: Kvanngrønibba



På Kvanngrønibba (1495 m oh.) med utsikt til Førde innerst i Voldafjorden. Bak ligg Kvitegga sin avrunda bretopp.

Foto: Mot Vardefjellet



Ned frå Kvanngrønibba til Vardfjellet med utsikt til Geirangerfjorden.

Fakta om turen:
Å ta fly til
Ålesund er eit godt utgangspunkt, men for å koma rundt på tur treng du
eigen bil eller lokale kjentfolk å slå lag med. Her er mange ferjer og
dårleg med offentleg kommunikasjon

Kvitegga (1691) er høgaste
fjellet i Sunnmørsalpane, og utsikta er av verkeleg klasse. Turen opp
tek ca 3 timar og returen 1 time med flotte nedrenn.
Set av ein time til runsskue på toppen. Start i Snødalen på 300 m som gir 1400 høgdemeter til toppen

Skiutstyr:
Eg brukte Falk lersko og Åsnes storetind med breie langfeller.
Dei to andre brukte tungt utstyr med breie ski og plastsko

Sjå Arnt Flatmo og Svein Myhre sine artiklar frå turen med fantastiske panoramabilde tettpakka med namn på fjelltoppar på www.westcoastpeaks.com og www.fjellinordvest.net


Foto: Nedtur i full fart



Heimtur med herlege unnabakkar i telemarksving med lyd.





 
        Rediger