Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Turar Vaksdal
Andre turar
Vassfjøra - majesteten over Ulvik
Storebjørn og Smørstabbtind - sommarskitur
Storebjørn og Smørstabbtind i Jotunheimen
Blåhø - kremtopp i Trollheimen
Alta - Øvre Tverrelvtind- bratt skitur
Kvitegga i Sunnmørsalpane
Store Ringstind

     

Alta - Øvre Tverrelvtind-  bratt skitur

Tverrelvtindane ligg nord for Alteidet heilt nord i Troms. Dei er høgaste punkt på eit høgfjellsplatå på 900-1000 moh som er omgitt av bratte fjellsider på alle kantar. Fylkesgrensa Finnmark/Troms går gjennom Øvre Tverrelvtind som er 1010 moh. Fjelltoppen gjev storslått utsikt innover Lyngsalpane og Tromsfjella.  Sjå kart frå turen her.  Sjå gps-logg her.
 
 
 Turen gjev flott topputsikt og bratt herleg nedrenn for dei vidarekommande på ski.
 
 
 
Slik finn du fram:
Du tek 80 km nordvestover frå Alta i retning Tromsø og kjem til Brødskift , 5 km før Alteidet.
Bilturen innover gjev mange fine fjordopplevingar med rolege fjell ved Alta og spisse tindar når du nærmar deg Øksfjord og grensa mot Troms.
Øksfjord er det alpine grenseområdet mellom Finnmark og Troms med bratte tindar opp frå fjorden.  Her er også den kjende breen Øksfjordjøkulen.
 
 
  Minus 25 grader og det kokar over fjorden når sola står opp.
 
Bratte fjordfjell opp frå Langfjorden
 
Vinterleg eventyr i Finnmark
Vinterleg eventyr er namnet på  eit kortkurs på Øytun folkehøgskule i Alta 5-8. februar 2009 . Bjørn Michalsen er lærar innan ski og skred.  Han er guide for oss på turen til Øvre Tverrelvtind den 7.2.09.  Det er minus 20 ned ved Brødskift når turen startar.  Normalt er her fleire meter med snø, men i år er det under det halve. Me er ein gjeng på 8 personar som fylgjer ein skogsveg oppover gjennom tett bjørkekeskog. 900 høgdemeter over oss ligg den bratte fjellsida under Øvre Tverrelvtind.  Me skal gå opp den venstre av to markerte botnar/renner.  Skogen opnar seg der me vinn nye høgdemeter og tek matpause på 500 moh.  Bjørn fortel  om skredfareproblematikk i slike bratte fjell.  Over oss reiser fjellsida seg i 30-40 graders helling og er difor potensiell rasfarleg.  - Det er for tida liten rasfare på grunn av hard skare og lite laussnø oppå.  Dette endrar seg fort og må vurderast fortløpande, seier Bjørn. 4 av gruppa har ikkje solid nok skiutstyr til å gå vidare oppover i bratta og trener heller på telemarksving i lågare terreng.
 
På veg opp frå Brødskift med fjellplatået med Tverrelvtindane rett imot.
 
Ein flokk med sidensvans møter oss i skogen
 
Til topps:
3  av oss vert med Bjørn vidare oppover.  Undervegs fortel han om sikre og usikre stader med omsyn på ras.  Me går i sikk sakk  oppover gjennom små botnar og under fjellhammarar, og er snart under toppstupet av fjellet.  Her må me  ta mot venstre på ein slakare avsats som gir ein bratt men grei veg mot toppen. Her oppe er det mykje varmare enn i dalbotnen og me vert gode og varme i motbakken. Det siste stykket mot toppen vert det bratt og  litt isete, så det er lettast å ta skia på ryggen. Så opp den siste bratte kneiken, og me nesten tippar over kanten og er inne på  det avflata topplatået.  Her møter ei fantastisk utsikt oss der me går det siste stykket opp til toppvarden. Sjølve toppflata går nordover mot Ruselvtind og vestover mot Nedre Tverrelvtind.  Me ser Øksfjordjøkulen mot nord og fjordar og fjell i Kvenangen og vestover mot Troms og Lyngen. 
 
 Me tek opp den venstre renna
 
Me vinn høgde og får vid utsikt ned mot Brødskift og bakover mot Finnmarksvidda
 
 
 Bratt og hardt føre gjer det lettare å ta skia på ryggen
 
 
Toppvarden på Øvre Tverrelvtind på 1010 moh. med panoramautsikt
 
 
Tindaa og breutsikt
 
 
 Kvænangstidane reiser seg opp bakover
 
 Utsikt mot Troms og Lyngen
 
 
Flat fokksnøslette før det stuper bratt ned over kanten.
 
 Klar for bratt nedtur
 
 
 
Bjørn Michalsen under toppstupet på Øvre Tverrelvtind
 
 
 
Bjørn Michalsen på veg ned renna i fin stil
 
 Solnedgang med Alteidet i bakgrunnen 
 
 
Marianne Dahlmo (frå Bodø norgemester i klassisk på ski 5 km i 1986) serverer nykokt bålkaffi
 
   Nedtur gjennom bjørkeskogen mot Brødskift
 
 
Fakta om Øvre Tverrelvtind:
Kart: Øksfjordjøkelen 1735 II
1 time med bil norvestover frå Alta (80 km)
2-3 timars gange opp og 0,5 time ned på ski
900 høgdemeter stigning frå Brødskift
Frå 500 moh. bratt fjellside på 25-40 grader. 
Ver obs på potensiell rasfare
Fint og flatt platå på toppen med storslått utsikt
mot Kvenangen og Lyngen.
 
Skiutstyr:
Krev solid skiutstyr, telemark eller randonee
Eg brukte Åsnes storetind med brei langfelle

 
        Rediger