Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Gullbrå-Voss - vårskitur
Raundalsryggen på ski
Hallingskeid -Voss langs dagstur på ski
Onen i Ulvik -fin vårskitur
Gullbrå-Voss
Vassfjøra med utsikt over Hardangerfjorden
Trollanuten på Upsete-eggi
Jordalen-Blåfjellet
Hodnaberg-Torfinnsheim på ski
Herresåsen-Grønahorgi fin skitur
Storavatnet-Grånakken med fjordutsikt 1.2.09
Bordalsfjella
Hamlagrø-Vending, lett vintertur
Nordre Hamlagrø-Hamlagrøhorn
Hangur turløyper
Fossfjellet på Vikafjellet
Kvitno-Remlo-Vetlanosi
Turar Vaksdal
Andre turar

     

Storavatnet-Grånakken med fjordutsikt 1.2.09

1.2.09 gjekk Voss Utferdslag turen frå Bordalen ved Nyestølen (2 km før Rong ) til Kulset-Storavatnet-Grånakken med herleg utsikt over Hardangerfjorden og Rosendalsalpane.
26 personar var med på turen. Turen gav 900 høgdemeter og ca 2 mil lengde i herleg ver og flott pudderdyne av 15 cm nysnø.


Fjordutsikt er ikkje så vanleg i Vossefjella. For å få det må ein ut på Bordalen på toppane der som ligg på kanten av Hardangerfjorden.


Turleiarar: Kjetil Heien og Terje Bryn .





Det var 13 minusgradar då me starta ved Nyestølen på 380 moh. like før Rong. Medan flott sol sleikte over toppane omkring oss gjekk me den bratte kneiken på stølsvegen (200 høgdemeter) mot Kulset. Snart var me i den varmande sola og gjekk innover vakre furuflatar på eit slakare platå. Så går ruta inn under toppen Eggjane med ein god kneik opp mot Storavasstjørna på ca 1000 m oh. Så er det ein liten unnabakke ned på Storavatnet og matpause etter ca 2 timars gange. Me fylgde så Storavatnet sørover i 2 km. Så over eit lite høgdedrag og ned på Kalavatnet som me fylgde 1 km. Ved Rundatjørna tok me så mot nord med 200 m fin stigning opp til Grånakken på 1167 moh.. Utsikta vart fin over skoddelagt Hardangerfjord og Rosendalsfjella som stakk opp.

Nydeleg ver og puddersnø. Ei flott nedskriing med 800 høgdemeter frå Grånakken og nedatt til Nyestølen. Alle fullførte denne 2 mils lange turen med stil.







Jostein Minde kjem på eigen sykkel med piggdekk frå Rio på Bordalen. Skikkeleg spreking altså.





Ein bratt kneik på 200 m frå Nyestølen til stølen Kulset.




Ovanfor Kulset flatar terrenget innover fine furumoar. Herdabreida og Karaldenuten i bakgrunnen.




Slakt innover furumoane med toppen Eggjane som reiser seg steilt opp





Under toppen Eggjande sine bratte stupe med isfossar. I bakgrunnen Veskrehorgi og Vassfjøra.




Turfygljet på veg oppover med vakre fjell og Vassfjøra markert bak til høgre.




Fin liten nedskriing ved Storavasstjørna.




Innover på oppsida av Vetalavatnet med Herdabreida og Karaldenuten i bakgrunnen.




Så ber det 2 km sørover Storavatnet




Opp frå Kalavatnet med skoddelagt Hardangerfjord i bakgrunnen.





Så kjem brått Karaldenunten 1295 moh. sin topp til syne mot søraust.




på veg siste kneiken mot Grånakken




Blide skijenter tek pause. Elise Bøysen og Anita Vik




Utsikt mot Hardangerfjorden og spisse fjell i Kvinnherad.




Det flatar ut når me nærmar oss Grånakken.







Fantastisk fjordutsikt frå Grånakken med Kvinnheradsfjella bak. Sola er byrja å brenna bort skodda.








På toppvarden på Grånakken på 1167 moh. Ca 800 m stigning frå Nyestølen er teke.





Frå Grånakken er det også fin utsikt nordover, der me skal ned på baksida.




Så skal me ta 800 høgdemeter unnabakke heimover att.






No er 500 m med fine unnabakkar teke og me er på furuflaten under Eggjane i vakker kveldssol. Resten er den tøffe utfordringa på smal og hard stølsveg frå Kulset ned att til Nyestølen i skyggen. Då banka og verkte det i låra på veg nedover.


Takk for ein herleg tur til dei som var med og velkommen etter for dykk andre.


Helsing Sveinung Klyve







 
        Rediger