Heile turen må du rekna ca 8 timar på . Det er ca 3 mil strekning. Føret var heilt prima då me gjekk.
Kaffipause på Nesheimfjellet med vårgrønn Teigdal i bakgrunnen
På Nesheimfjellet ligg det ein meter med snø heilt inn til vegen
Nesheim ligg der så vakkert med full vår.
Nesheim kyrkje i våren med vinteren i ryggen.
Brakestad
Kvitestakken har vårforkledet på
Enno litt is på Trefall-vatnet med Kvitestakken bak.
Gullbrå 600 moh. Her startar skituren mot Kvitanosi.
Etter 10 minuts gange opp frå Gullbrå er det berre å ta skia fått. Her fint utsikt ned mot Ekse.
Den siste tida etter påske har det komme minst 50 sm nysnø så føret er flott og terrenget er heilt jamnt og slett.
Anita Vik og Jostein Minde på toppen av Kvitanosi 1433 moh.
Herleg utsikt frå Kvitanosi mot Rosendalsfjella og Folgefonna 80 km unna.
Eg og Jostein tek turen vidare frå Kvitanosi mot Voss. Her kvite vidder mot Vola.
Volahytta ligg enno med mykje snø omkring.
Vidare innover fjellet, kjem brått ein flokk med reinsdyr fram over oss
Jammen er dei nyfikne. Me trekkjer oss vekk og dei får fjellheimen i fred att.
Gygrabruni (trollkjerring)med trollnasa si.
Framover Volafjellet med Gygrabruni og Lønahorgi bakerst.
Så får me panoramutsikt mot Gråsida- og Bergsdalsfjella.
No ser me jordbruksbygda Bordalen på Voss med fjelltoppen Hårteigen på Hardangervidda i bakgrunnen.
Neste mål er fjelltoppen Hodn.
Frå Hodn ser me rett ned på Seimsvatnet på Bulken, Bergsdalsfjella og Mykkeltveitveten til høgre.
Så skrir med nedover mot stølen Listre. Vangsvatnet og Gråsida i bakgrunnen.
Det er skiføre ned til 100 m ovanfor stølen Listre.
Så er me inne att i våreeventyret på Vethe etter ein dag i "vintereventyret".