Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Gullbrå-Voss - vårskitur
Raundalsryggen på ski
Hallingskeid -Voss langs dagstur på ski
Onen i Ulvik -fin vårskitur
Gullbrå-Voss
Vassfjøra med utsikt over Hardangerfjorden
Trollanuten på Upsete-eggi
Jordalen-Blåfjellet
Hodnaberg-Torfinnsheim på ski
Herresåsen-Grønahorgi fin skitur
Storavatnet-Grånakken med fjordutsikt 1.2.09
Bordalsfjella
Hamlagrø-Vending, lett vintertur
Nordre Hamlagrø-Hamlagrøhorn
Hangur turløyper
Fossfjellet på Vikafjellet
Kvitno-Remlo-Vetlanosi
Turar Vaksdal
Andre turar

     

Onen i Ulvik -fin vårskitur



Dersom du vil ha deg ein skitur langt utpå sommaren, er Onen på Osafjellet
rette staden. Du køyrer først til Ulvik i Hardanger og så vidare inn
til botnen av Osafjorden.



Frå Ulvik køyrer du 15 minutt inn til Osa i Osafjorden. Herifrå går det ein
bratt, men fin asfaltert veg opp på Osafjellet, som tek ca 30 minutt å
køyre.

Berre turen opp hit er ei oppleving med avskurte fjell
etter istida og bratte dalar og stup. Vegen går opp til ca 1100 moh,
men det ligg snø i han til langt utpå sommaren.
Fylg vegen oppover
og ta skia fatt når du møter snøen i vegen. Vår tur her var den 16.
juni og me måtte parkera på 850 moh. Så fylgde me vegen vidare oppover
med nokre kutt undervegs.
Me gjekk rundt Kvitingavatnet då dette var
byrja å verta blått. Me brukte ca 2,5 timar opp i roleg tempo. Snøen
var fin, men ein kald nordavind gjorde det vinterleg. På toppen var det
minusgrader denne dagen.
Så var det jamn stigning ca 500 m opp til
den avrunda kuppeltoppen. Utsikta frå toppen er fin som på liknande
avrunda bretoppar med utsikt mot Hardangerfjorden, Hårteigen,
Vossafjella og Hardangerjøkulen.

Nedskriinga er verkeleg fin der
ein kan velja kor bratt ein vil ha det. Det tek berre ein time ned att
til bilen. Ei vakker kveldssol lyste opp dei bratte fjella, høge fossar
og nysprotte bjørk.

Skiutstyr:

Åsnes storetind og kort og langfelle

Foto: På sommarski



På snødekt veg frå ca 900 moh. med Vassfjøra sin steile topp i bakgrunnen.

Foto: Utrygg is



Isen er ikkje lenger trygg så me må gå rundt Kvilingavatnet, der den "Blå lagune" er kome fram.

Foto: Onen



Siste oppstigninga mot Onen er typisk for ein bretopp med ein langdryg "kuppel" der ein ikkje ser sjølve toppen.

Foto: Toppvarden



Så er endeleg toppvarden der.

Foto: Hårteigen



Frå toppen. Hårteigen viser godt inne på Hardangervidda mot søraust.

Foto: Endeleg!



Onen på 1621 moh.  med Hardangerfjorden i bakgrunnen

Foto: Heimover



Fint nedrenn med Hardangerjøkulen i bakgrunnen mot nordaust

Foto: Alt blir smått



Liten skiløpar på veg nedover med det regulerte Langvatnet i bakgrunnen.

Foto: Fin vårsnø



Fint nedrenn i smørmjuk snø.

Foto: Flott natur



Vår på Osafjellet er ei oppleving.



 
        Rediger