Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
VOSSAKALENDAREN

Vossakalendaren 2015
2011
2010
2009
2008
2007
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999

     

Vossakalendaren viser våre vakre bygder

  Pris kr 150 pr stk.

Sidan 1999 har eg i lag med Voss Prenteverk gjeve ut Vossakalendaren.
Eg står for tekst og bilde og Prenteverket for layout og trykkinga. Dette er ein forseggjort kalendar som er utvikla og forbetra over tid. Det er kvart år ca 30 fargebilde med motiv frå Vossebygda.
Det er fyldige tekstar på norsk og engelsk som gjev ei heil historie om kvart bilde.
Det er intervju eller artikkel bak i kalendaren, som er kobla opp mot temaet for inneverande år.
Kalendaren er difor ikkje ein av mange ein får i haugevis av ved nyttår, men eit historisk minne frå Voss om kva me har av natur og kulturverdiar.
Dette er ei bygd me er glade i og stolte av og her er godt å bu. Ein slik kalendar trekkjer fram desse tinga på ein positiv måte.


Opplag på kalendaren er etter behov og vert laga på fargeprinter. Ca 400 selde dei siste åra.

Verksemder kan bestilla kalendaren til spesialpris hjå Voss Prenteverk til ca kr 100 pr stk. Ta kontakt med dei og avtal pris.

Kalendaren er til sal hjå  bokhandlarane på Voss.
Du kan også bestilla han på nettet dersom du bur andre stader enn på Voss.


Frå år 2010 ingen tema.

2009: Fossar og vassdrag

2008: Naturperler

2007: Dyr og fuglar

2006: Naturstemningar , bilde med dikt av anita Vik

2005: Bygdene før og no

2004: Voss som møteplass
Kva skjer på Voss i løpet av eit år. Vossajazz, voss cup, ekstremsportveko m.m. Denne vert lagt ut på nettet febru


2003: Stølar og fjellgardar.
Vossebygdene har mange stølar. Kva betydning har desse hatt og har idag. Intervju med budeie m.m. Kalendaren er under arbeid og ferdig november 2002.


2002: Menneske i naturen
Her får sjå korleis menneske brukar naturen ved dei ulike årstidene. Intervju med Kjell L. Herheim som låg ute i Stølsheimen i eit heilt år. Artiklar om "Midtsommarnatt på Kvitanosi " og "Speidarliv".


2001: Våre vakre bygder
Her får ein sjå dei ulike grendene i Voss Kommune frå Bolstadgrana i juleprakt, sommarkveld over Oppheimsbygda, flaum i Tvinnefossen, kald vinter i Skulestadmoen m.m.
Det vert intervju med ein bonde frå Oppheim og ein frå skulestadmo og ein artikkel om kor frodige bygdene i Voss er for jordbruket. Dette er den største jordbruksbygda i fylket.


2000: Frå gamle til nye tider
Historiske bilde teke i dag. Intervju med Torstein Bjørke, Guri Tufte i Rasdalen og Lars S. Opkvitne. I tillegg var det ei heil side med intervju og bilde frå togtur med Sigmund Nesbø frå Voss til Haugastøl, der ein fokuserer på utviklinga til NSB frå damlokk til EL-18.


1999: naturperler
Naturperler i Vossebygda + intervju av ein ungdom på snøbrett, ein ivrig sportsfiskar og sorenskrivaren på tur.

 
        Rediger