Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
GALLERI

Billedgalleri TEMA
Billedgalleri 2015
Billedgalleri 2014
Billedgalleri 2013
Billedgalleri 2012
Billedgalleri 2011
Billedgalleri 2010
Årskavalkade 2010
Juli 2010
Juni 2010
Mai 2010
April 2010
Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Billedgalleri 2009

     

Februar 2010


 
Sjå skoddestemning ved Nesheimstunet og Lønavatnet på Voss her.
 


Det er ein kald februardag med minus 20 grader og skodda ligg enno over Lønavatnet






Dei siste solstrålane sleikjer over Slettafjellet



.. og ei ny natt med under minus 25 grader er i emning




Gode  fangstar på Vangsvatnet for tida.  Ragnhild Dymbe med fin røye. sjå meir her.

 

Stabil kulde i det siste har gjeve sikker is også på Vangsvatnet på dei fleste stader.Fiskeplassen er utanfor elveosen på Grandane. Her må ein passa på kvar ein går og ikkje for nær råka.  Det går trygg sti ut på isen frå Voss kommune sitt reinseanlegg i Gjernesmoen. Gå derimot ikkje ut rett frå Grandane der det er usikre stader undervegs.Mange har fått fine fangstar. Eg møter ein sundag i februar familien Dymbe frå Dugstad i Skulestadmoen.Dei er ofte på Lønavatnet og fiskar, men skryter av finare fisk her ned på Vangsvatnet.Ja medan andre i nærleiken slit med å få fisk, dreg familien Dymbe opp fisk etter fisk.


 

Ein aure på ca 500 gram og fleir røyer på 200-400 gram

 


 

 


 


 


 

Familien Dymbe frå Skulestadmo kosar seg på isen med medbrakt fisketelt

 



6.2 2010  fekk eg meg ein artig møte med ein stor fin kronhjort på Bulken.
 I 16-tida kom hjorten luntande nedover frå skogen til  noko gras som var lagt ut.  Det var den samme 12-taggaren som eg såg i fjor, men no hadde han 13 taggar (6+7 taggar).  Han har ein spesiell smal fasong på kruna, som er lett å kjenna att.  Eg hadde ein times undehaldning med hjorten som sprada rundt før han trekte seg unna og forsvann i skogen.  Fleire artsfrendar kom nok fram i skumringa.







Sjå fleire bilde frå kald fin vinter her.   Elva ved Vinje kokar i minus 20 grader.


Jernbanebrua i Skulestadmo på Voss  var bygd i 1904.  Ho er enno i bruk på Bergensbanen.







Årtalet 1904 er hogd inn i ein stein på brua.




 














 
        Rediger