Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
GALLERI

Billedgalleri TEMA
Billedgalleri 2015
Billedgalleri 2014
Billedgalleri 2013
Billedgalleri 2012
Billedgalleri 2011
Billedgalleri 2010
Årskavalkade 2010
Juli 2010
Juni 2010
Mai 2010
April 2010
Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Billedgalleri 2009

     

Mai 2010



Nærare 400 personar gjekk i eit digert demonstrasjonstog gjennom Vangen laurdag 22 mai  - for framleis varig vern av elva.  Sjå fleire bilde her.

Her kjem eit sitat frå ein lokal elvevernar som har tenkt grundig :  Kanskje me er siste generasjon som vaks opp med noko urørt vassdragsnatur omkring oss.Hjarta mitt gret over at menneske er so lettlurt og naiv, og trur at pengar faktisk har ein verdi, det er berre blendeverk! Me må kjempa til siste dråpe, høvding Seatle sin kamp er faktisk vår i dag! Elva er livsåra i landskapet, slik blodårene er i oss!


Det er vår i Skipshelleren på Stamnes i Vaksdal kommune. No er det fullt liv og røre med born på jakt etter steinalderen. Sjå artikkel her.

Sognefjellet lokkar med vårskiturar

1.mai helga var eg guide på den årlege turen til Statoil Bergen si turgruppe til Sognefjellet for å gå på ski. Fredagen var det plussgrader og skodde.  Laurdagen var det 10  minusgrader og nysnø og sundag blå himmel og sol.  Tre toppar over 2000 meter fekk me gått og folk var godt nøgde.  Sjå artikkel her.



 
Sett frå Turtagrø.  Store Ringstind til venstre er ein vanleg skitopp.  Austabotntind til høgre er ein topp som krev spesielle kunnskapar og utstyr om vinteren.  Skia får du uansett ikkje med deg til topps.


Sett frå Turtagrø.  Skagastølstindane.  Storen heilt til høgre.  2405 m over havet og norges 3. høgste topp.  
Her kan ein ikkje komma opp på ski.
 


På ski ned sørrenna på  Vestre Austabotntind med Store Austabotntind i bakgrunnen  2. mai 2010. Full vinter i Jotunheimen.

 
        Rediger