Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
GALLERI

Billedgalleri TEMA
Billedgalleri 2015
Billedgalleri 2014
Billedgalleri 2013
Billedgalleri 2012
Billedgalleri 2011
Billedgalleri 2010
Årskavalkade 2010
Juli 2010
Juni 2010
Mai 2010
April 2010
Mars 2010
Februar 2010
Januar 2010
Billedgalleri 2009

     

Årskavalkade 2010 

Bilde frå   året 2010
 
 
 

På trea er det store mengder med snø.  Sjå fleire bilde frå vår kalde og snørike vinter.

Veafjorden frå Kallestadsundet. Sjå fleire vinterbilde frå Osterfjorden.


Sjå større bilde her.

 
2 havørner har truleg teke livet av ein sangsvane 3.12.2010 på eit islagt vatn på Voss.


 

Eg ser ein havørn som sit på ein sangsvane på Seimsvatnet. Eg stoggar bilen og får nokre fine bilde. Svanen ligg rett fram og ser ut som han er slått bakfrå.  Han var ikkje frosen fast til isen.  Ørna nappar fjør og et i ferskt kjøt så det ser ut til å ha skjedd nyleg. 


Ein sansvane blir normalt omkring 140-160 cm lang. Vingespennet er cirka 205-235 cm og vekta 9-14 kg.  Havørna er Vingespenn 200-245 cm. Vekt 4 kg hann og ca 6 kg hoa. Ørna får kvit hale når dei er kjønsmogne ca 5 år gamle.

 
 

To vaksne havørner med kvit hale.  Den eine har rød ring på venstre foten og blå på høgre foten. Truleg merka i 2002. Den andre er umerka.  


 

 Ørna vart skremd og flyg avgarde. to kråker sit att på isen.

I innløpet av Lundarvatnet er fossekallen på jakt etter mat i kulda Der hardt å vera fugl no for tida. Sjå fleire bilde  her


 


Sola ebbar ut og nattekulda  tek over ved Lundarvatnet i desember 2010

 
 Vikafjellet 1.desember 2010.  stille og fint ver, sol og minus 18-22 C.
 
Kuppert og kantete terreng men nok snø til fine skiturar.  Har ikkje snøa på ca 3 veker, så det er litt avblåst på toppane, men silkeføre på parti nede.  No er vatna for det meste trygge.   
 
 
 
 
Det er godt å komma opp i sola, som varmar, trass i kulden.
 
 
Hunden tinka kosar seg i snøen og sola som går ned
 
 

Store snøkrystallar har laga seg i kulda i det kalde veret. 

  
 Det er no fine skiforhold på Kvitno i Raundalen no i november 2010.  Ikkje ute i terrenget - der det er for lite snø, men på Stølsvegen til Fyrjo, Ramlo eller Jonstølen.    Køyr til Urdland og ta vegen opp til Kvitno, 30 minutt å køyra frå Vossevangen.  Når det er klarver får du fin sol her i fleire timar.  Sjå fleire bilde frå turen her.
 
God tur!
 
«Signerte fiske- og turbok på Vangen»

BOKSIGNERING: Forfattar Sveinung Klyve signetre boka si i dag. Mange vossingar var innom butikken for å sikra seg eit eksemplar.

Signerte fiske- og turbok på Vangen

Publisert: 27.11.10 kl. 18.22
Skribent: Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no

VOSS: Forfattar Sveinung Klyve si nye bok kom til Voss i går, fredag. I dag sat han hjå Voss bokhandel og signerte boka si.

Det  store samtaleemnet på Voss bokhandel i dag, laurdag, dreia seg om fiske og fine fjellturar. Folk som kom inn og ville kjøpa boka til Klyve hadde mange meiningar om fiskeplassar og delte turopplevingane sine med Klyve. 

Skravla går

%96 Eg las om boka i «Hordaland» for nokre dagar sidan og tenkte at den lyt eg skaffa meg, seier utflytt vossing, Olav Vatne, i det han kjem inn i butikken.

Det tar ikkje lange tida før både Vatne og Klyve er i gang med å dela erfaringar om både fjellturar og fiskeplassar rundt om i fjella. Det er berre så vidt journalisten får høve til å stilla dei to nokre få spørsmål, slik skravla deira går. Det mangla i alle høve ikkje på engasjementet hjå dei to.

Kombinert fiske og tur

Vatne har gått mykje på turar i vossafjella, men går og fiskar mykje på Kvamskogen også.

%96 Det er ikkje så stor fisk der oppe, slår han fast.

%96 Då er det berre å gå nordover så kjem du til fleire fine fjellvatn med fin fisk i, forklarar Klyve. Han slår opp i boka si for å syna kva fangst han har fått i fjellvatna han snakkar om.

Vatne strekkjer seg etter eit signert eksemplar av boka til Klyve. Han blar litt i ho og bestemmer seg for å kjøpa.

%96 Eg kjøper ikkje boka berre for fiskestadane sin del, men også for dei fine turane han skriv om, seier Vatne. Han fortel at han har gått fleire av turane som er skildra i boka tidlegare.

Neste sommar er Vatne mykje truleg på fiskefjelltur ein stad mellom Kvamskogen og hamlagrøfjella

 
 
 
På Vikafjellet på 1000 moh. er det no fantastiske fine skiforhold.  Det er ca 50 sm snø med eit underlag i botn og laussnø oppå.  Sola er framme i mange timar på ein del stader.  Somme går frå Finnbuene til Finnbunuten.  Her er det undersolt, men du får ei fin og bratt nedskriing. Det er i minste laget med snø i det området.  Frå fylkesgrensa derimot  kan du gå mange fine og solfylte turar.  Bilda her er frå 17. november med ein gullforgylt solnedgang kl 15.30. Sjå fleire bilde her.
 
 
 
Frå 9. november 2010 har det vore ein stork i Strandavassdraget på Voss.  Den skulle no vore på trekk til sydlegare strøk.

14. november sat han nede ved Melsvatnet og småfraus mellom snøfnugga saman med 5 hegrer.  Han såg litt pjusk ut.  Dagen før var han meir i farta ute på ein grøn åker og plukka seg makk opp frå  bakken. 


Som «Hordaland» skreiv i laurdagsutgåva 13.november 2010, har Sture Stork overvintra på ei bosfylling i Hamar heile fjor vinter.
Storken vart oppdaga på Melsvatnet, der han gjekk rundt på jakt etter mat.

Ideelt sett skulle han vore i varmare strok, som Spania eller Afrika.

På grunn av mildare vintrar i Europa har det dei siste åra vore ein del storkar som har valt å overvintra i Mellom-Europa. 

Sture har tatt turen innom Jæren, til Bergen om Karmøy og hamna her på Voss.

Kanskje han likevel synes det vart for kaldt og stusselig på Voss?

Kvar han skal vera i vinter, det veit nok berre Sture sjølv.

 
 
 


 
Skjelinganosi på Vikafjellet 1331 moh. 10 november 2010. Silkeføre og 6 minus.
 Frå Skjellingen tek det ca 2 timar å gå til toppen.  Flott utsikt mot Sogefjorden  og over Stølsheimen.



På veg frå Skjelinganosi mot  toppen av  Grøndalsfjellet 10 november 2010. Silkeføre og 6 minus.

 



på toppen av Grøndalsfjellet på 1375 moh.  Vid utsikt med sognefjella og Jostedalsbreen i bakgrunnen. 10 november 2010. Silkeføre og 6 minus.  Nede ved bilen att ved Skjelingen  kl 16.30 var det minus 14.

 

 





Skitur på Vikafjellet 24.10. 2010.  Ca 30 cm nysnø, men ikkje underlag og opne bekkar og vatn.   Sjå fleire bilde her.

 

 Det store evenementet denne hausten, Fjellitteraturfestivalen, gjekk av stapelen på Finse 14-17. oktober.Kun eit lite snødryss på Finse 16. oktober 2010.  Sjå reportasje frå festivalen her.

 

 


Store Finsenut og på toppen var det høgtlesing med skuespelar Nicolay Lange-Nilsen.




 


Aure på 2,7 kg og 60 cm, teke på garn i Småbrekkevatnet i Bergsdalen 15.10.2010. Dette er ein kanibalfisk som gjer eit viktig innhogg i bestanden av småfisk. Foto Per Småbrekke.

 




 


Aure på 2,7 kg og 60 cm, teke på garn i Småbrekkevatnet i Bergsdalen 15.10.2010. Dette er ein kanibalfisk som gjer eit viktig innhogg i bestanden av småfisk. Foto Per Småbrekke.



Tiurleiken er i full gang i gamal urørd skog.


Bilde frå skituren Jordalen-Vardanosi-Solbjørganipa-Giljabotnnipa- Høgberget-Fetanipa-Bakkanosi-Slettedalen-Jordalen 14.4 2010



Bakkanosi med 1400 meter ned til Nærøyfjorden og fjelltoppane  Hurrungane i bakgrunnen



Frå stupet under Fetanipa med utsikt til Gudvangen ca 1300 m nedunder.



Frå Vardanosi  på 1298 moh. med utsikt mot Jordalsnuten (937 moh.) og Nærøydalen.  Bakerst Stalheim.



Ekstemjazz på Voss 24.mars. Sjå reportasje her.




 


Voss utferdslag på Storliknausen i Bergsdalen 21.3.2010.  Sjå fleire bilde her.    Klikk her og høyr song på toppen her.





 






 










 








 








 








 




 Gode  fangstar på Vangsvatnet for tida.  sjå meir her.




 









6.2 2010  fekk eg meg ein artig møte med ein stor fin kronhjort på Bulken.
 I 16-tida kom hjorten luntande nedover frå skogen til  noko gras som var lagt ut.  Det var den samme 12-taggaren som eg såg i fjor, men no hadde han 13 taggar (6+7 taggar).  Han har ein spesiell smal fasong på kruna, som er lett å kjenna att.  Eg hadde ein times undehaldning med hjorten som sprada rundt før han trekte seg unna og forsvann i skogen.  Fleire artsfrendar kom nok fram i skumringa.

















Sjå fleire bilde frå kald fin vinter her.   Elva ved Vinje kokar i minus 20 grader.






Jernbanebrua i Skulestadmo på Voss  var bygd i 1904.  Ho er enno i bruk på Bergensbanen.











Årtalet 1904 er hogd inn i ein stein på brua.




















Sjå større bilde her.





Sjå artikkel om den store månen her.














Går for tida med gips då eg braut foten 18. januar.  Heldigvis skjedde ulykka heime då eg glei på isen like ved huset.  Braut ankelen (fibula-det minst beinet) Gipsen skal av etter 14 dg (den 1. februar)og då startar eg skisesongen att med støtteskinne på foten. Den siste tida har eg lese gamle bøker om fjellets heltar og tindebestigarar framfor ein god og varm vedomn. 










Sjå bilde frå skitur på Stamnesfjellet.














Innerst i Bordalsgjelet i Bordalen på Voss 17.1.2010. Sjå større bilde her.



















Sjå større bilde her.















Det er no trygg is på Bolstadfjorden.  Sjå reportasje her.






 

















Sjå fleire bilde frå flott måne 30.12.09












Sjå fleire bilde her frå nyårsfeiringa på Voss.


















Godt nytt år, laga av 4 pesonar med stjerneskot.












 Forjulsidyll  frå den flotte gamle Lerumsgarden i svingen på Osgjerde ovanfor Ygre.  Sjå større bilde her.





 












Fine forhold for isfiske og skøyting på småbrekke i Bergsdalen.  Sjå reportasje frå turen her.













 












 
Osafjorden i solnedgang i desember.  Sjå bilde frå turen Osa-Norddalen-Ossete her.





 








 Skoddehav sett frå Styvehorgi 11.12.09 kl 14.50.  Sjå større bilde her.



Styvesstølen sett mot Bolstadfjorden 11.12.09 kl 14.



Sjå fleire bilde frå skiopninga i Myrkdalen 5.desember.


Sjå fleire bilde her.

Sjå større versjon av bildet her.



sjå større versjon av bildet her.




Vikafjellet med silkeføre 29.11.09.  Sjå fleire bilde her.









Sjå større bilde her.  Holo i Myrkdalen med uvanleg lite snø til å vera i slutten av november.



Sjå større bilde her








16.november
var det ein nydeleg dag i Bergsdalen med sol og
plussgradar.Hamlagrøvatnet låg stille der sola steig opp over fjella i
9-tida. Det er såvidt eit tynt snødryss på toppane enno.  sjå fleire bilde her.



Sidensvans på jakt etter mat i  den milde novemberdagen. Høyr songen til fuglen her.



Gråtrasta kosar seg med rognebæra



Tore Wiers med Eksolaks  vill hann på ca 5 kg fanga 20.10.09.  Ekso er no i krise.  Det er for mykje rømt oppdretslaks i elva.Sjå innslag på TV 2 om saka.      Høyr naturens verden på NRK P1 radio frå saka.




Det er no skiføre på Vikafjellet på ca 1000 moh. Sjå større bilde her.  Sjå fleire bilde frå turen her.



Her er brua over til Finnbuene der det er vinter og  haust samstundes med open elv og haustfarga tre. Sjå større bilde her.



Sjå større versjon av bildet her.




Kurs i laksedykking og stamfiske i Daleelva 3.10.09.  15 laksar vart fanga. sjå fleire bilde her.






















Smørstabbreen på Sognefjellet har mange fine fjelltoppar som gjev fantastisk utsikt. Sjå artikkel frå turen her.


På Skitur med det "Norske skie-eventyret" og kunstnaren Kristian Finborud.
Sjå artikkel om Finborud her.
















Fantastisk møte med 2 kronhjortar på Bulken.
Sjå reportasje om dette her.










Fantastisk solnedgang med skodde på Slettafjellet ovanfor Kjeseldur på Hangur


 
        Rediger