Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Gullbrå-Voss - vårskitur
Raundalsryggen på ski
Hallingskeid -Voss langs dagstur på ski
Onen i Ulvik -fin vårskitur
Gullbrå-Voss
Vassfjøra med utsikt over Hardangerfjorden
Trollanuten på Upsete-eggi
Jordalen-Blåfjellet
Hodnaberg-Torfinnsheim på ski
Herresåsen-Grønahorgi fin skitur
Storavatnet-Grånakken med fjordutsikt 1.2.09
Bordalsfjella
Hamlagrø-Vending, lett vintertur
Nordre Hamlagrø-Hamlagrøhorn
Hangur turløyper
Fossfjellet på Vikafjellet
Kvitno-Remlo-Vetlanosi
Turar Vaksdal
Andre turar

     

Vassfjøra med utsikt over Hardangerfjorden

Vassfjøra med kringsjå over Hardangerfjorden : Sjå kart her.  sjå gps-logg her.
Sjå kart over turen Myrdal-Kaldevasshytta.
 
Terrenget  flatar ut og legg seg fram til den store varden. Her er utsikta fin, men du må ca 100 m fram til sjølve stupkanten for å få den kjende Vassfjøra-utsikta. Me har brukt ca 2,5 timars gange frå Kaldevasshytta til toppen på 1633 moh.
Du får eit kringjå med Hardangerfjorden. Du ser rett ned mot Osafjorden, Ulvik og Solsævatnet. Du ser dei 4 breane Hardangerjøkulen, Folgefonna, Jostedalsbreen og Fresvikbreen og Hårteigen på Hardangervidda.  Me sit i 2,5 time ute på kanten stupet og nyt utsikta.  Oppe att ved varden møter me seks spreke damer som har gått opp frå Slondalen ved Mjølfjell.  Me seier hei og hadet og fortset i rask fart nedover att same vegen som me kom. Me ser Her mot vest Lønahorgi og Kvitanosi sine toppar.  Jotunheimen med Skagastølstindane og Falketind ca 90 km unna kan me sjå mot nord. 

For ein topp og for ein tur.


 
        Rediger