Dersom du likar bratte motbakkar, flotte nedrenn og panoramautsikt, så er ein sommarskitur langs Raundalsryggen på Voss ein verkeleg klassikar.
Eirik Normann og eg tok turen 31. mai 2009. Det var flott ver med knallblå himmel og mykje av turen gjekk i shorts denne knallvarme dagen i Pinsen. Nede i dalane var det full sommar, men oppe på fjellet låg det godt med snø i nordhellingane. Nysnø som fall 3 dagar tidlegare gjorde dessverre at føret var seigt med dårleg glid. Vanlegvis får du derimot 1500 høgdemeter med herleg unnabakke på turen.
Raundalsryggen sett frå Storebottseggi. Frå høgre, Horndalsnuten, Skipadalsnuten, Seldalsnuten og Olsskavlen.
Skipadalsnuten - taggete hestehals
Mot aust ser ein no neste topp Skipadalsnuten med eit skar imellom. Middels bratt og flott nedrenn 80 høgdemeter på 5 minutt og ein er i botnen av skaret. Så 150 m opp att på Skipadalsnuten sin taggete rygg. Her kan føret variera, men det er på denne tida lite snø på ryggen så dei fleste vil ta skia på sekken og gå til fots. Det er svært bratt mot Raundalen så hald mot sør. Dei tøffaste går både opp og ned her med ski på beina ved bra føre. Utsikta er fin der du ser Sørfjorden i Hardanger rett i sør. Toppen er ca 2 km lang. I fyrstninga vid, men smalnar inn mot aust. Ein kan fylgjer toppryggen på sørsida og får ein nydeleg telemarksbakke (Mindebakken lokalt namn) på ca 200 m ned i skaret. Ein kan også fylja toppryggen på nordsida mot Raundalen og komma ned ved naturleg passasje lenger mot nordaust.
På veg mot Skipadalsnuten er det lite snø og lurast å ta skia på sekken. Horndalsnuten bak.
Frå Skipadalsnuten ser du Folgefonna og rett inn Sørfjorden mot Odda.
Hurrungane i Jotunheimen 80 km i luftlinje unna.
Frå Skipadalsnuten sin bratte skavlkant ser du Horndalsnuten og Lønahorgi bak.
Mindebakken med 200 m med flott nedrenn. Seldalnuten bak.
Seldalsnuten - med hengeskavl
Så er det på med fellene att og 150 m bratt opp på brei og fin rygg. Toppflata på Seldalsnuten er vid, men bratt ned mot Raundalen. Flott nedrenn på 200 m med dramatisk utsikt inn i den ville Trollabotn og Seldalsnuten sin karakteristiske hengeskavl slik som ein også har på Horndalsnuten. Dette er den smalaste passasjen ned og her må ein treffa rett mot nordaust for det er bratt på begge sider.
På Seldalsnuten med Oksen og Folgefgonna bak.
Olsskavlen 1000 m nedrenn
Fellene på att og 200 m opp. Bratt kneik fyrst, men terrenget legg seg fort. Toppen har brekalott og terrenget slakkar av til ei stor vid flate på over ein kilometer i alle retningar. Dette er det høgaste punktet på ryggen med 1575 m. Det er 3 vardar på toppflata, men den lengst mot sør er den høgaste. Du ser no rett på Vassfjøra sin steile front i aust. Ved godt føre står ein no framfor Voss sin flottaste nedoverbakke på ca 1000 m. Du fylgjer rett ned mot nord over Tungefjellet og kjem ned vest for Vollbotnvatnet. Den finaste nedskriinga er å ta mot vest før Tungefjellet slik at du kjem ned i den bratte og ville Trollabotnen og fylgjer så nedover Mysedalen. På begge traseane fylgjer du så sti/løype ned til bru over elva frå Vollbotnvatnet og så ca 1 km ned Raundalselva med ny bru og vidare til Voll der det er bilveg og lokaltoget stoggar.
På toppen av Olsskalven på 1558 m. Vassfjøra sin steile front til høgre.
Frå eit av turen sine mange flotte nedrenn. Her ned i Trollabotnen.