Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
TURAR

Turar Voss
Gullbrå-Voss - vårskitur
Raundalsryggen på ski
Hallingskeid -Voss langs dagstur på ski
Onen i Ulvik -fin vårskitur
Gullbrå-Voss
Vassfjøra med utsikt over Hardangerfjorden
Trollanuten på Upsete-eggi
Jordalen-Blåfjellet
Hodnaberg-Torfinnsheim på ski
Herresåsen-Grønahorgi fin skitur
Storavatnet-Grånakken med fjordutsikt 1.2.09
Bordalsfjella
Hamlagrø-Vending, lett vintertur
Nordre Hamlagrø-Hamlagrøhorn
Hangur turløyper
Fossfjellet på Vikafjellet
Kvitno-Remlo-Vetlanosi
Turar Vaksdal
Andre turar

     

Hallingskeid -Voss langs dagstur på ski



Dersom du vil ha ein styrkeprøve på ski, så er turen Hallingskeid-Voss på ein dag verkeleg noko å bryna seg på.

Foto: Randalsryggen



Oversiktsbilde over Horndalsnuten frå Horndalsnuten mot Olsskavlen.


Turen er 80 km og har 2800 høgdemeter opp og 3100 ned. Du må rekna ca 15 timar på turen.

80 km fjellrygg:
Frå Hallingskeid mot Voss er Raundalsryggen ca 50 km i luftlinje og 80 km til fots.
Her
ligg det 9 fjelltoppar på rekkje og rad med djupe skar imellom. Turen
er lang og krevjande og er eigentleg ein to-dagarstur som vert gjort på
ca 15 timar.
For å ta turen må du vera i svært god fysisk form og
det må vera gode forhold med fint ver og fast fin snø. Foreslått
tidsperiode er april-mai.
Målet er å ta med alle toppane undervegs
på turen. Ein kan fleire stader kutta ut toppar og korta inn ruta eller
avbryta undervegs med å gå ned til Mjølfjell eller Voll. Det er
sjølvsagt ein fordel dersom ein har gått deler av traseen og er litt
kjent med området og passasjane.

Foto: Hallingskeid turisthytte



Hallingskeid turisthytte er flott utgangspunkt for lange skiturar vestover mot Voss.
Foto: Frå Osaskavlen



Frå Osaskavlen mot Skrulsvatnet og Vassfjøra i bakgrunnen

Hallingskeid (1034 m)-Osaskavlen (1485 m):
Toget
til Hallingskeid 22.4.08 kl 17.10 frå Voss. Det er få tog som stoppar
på Hallingskeid, men ekstrastopp kan bestillast hjå NSB for kr 500.
Roleg ettermiddag og tidleg legging på hytta. Avgang kl 0630, men burde
vore av gårde 1 time før for å ha lang nok dagsljos for turen.
Fylgde
t-merka sommarløype mot Osa innover lenge før ein tek mot vest. Kuppert
terreng, 451 høgdemeter opp og 2 timars gange. Fin utsikt mot Vassfjøra
og Osafjorden og attende mot Hardangerjøkulen og mot Vossaskavlen.

Foto: Osaskavlen



Osaskavlen med fint utsikt mot Hardangerjøkulen i aust.

Vassfjøra 1633 moh med  majestet med fjordutsikt
Frå Osaskavlen ber det bratt 376 m ned på Skrulsvatnet (1109 m ) %96Vassfjøra
1633 m, 1 t 50 min., bratt ned på Skrulsvatnet. Regulert vatn som går
greit å gå over men vert obs på sprekker langs kantane. Kan gåast i
skråninga mot nord.
Så er det den lange bakken på 524 høgdemeter opp
til Vassfjøra sin runde brekalott. Ved gode forhold kan du gjera turen
unna på eit par timar. Du er på 1633 m ved toppvarden, men må ca 100 m
lenger framover og litt ned for å koma frampå Vassfjøra sitt svimlande
og karakteristiske stup, med fantastisk utsikt utover Hardangerfjorden
sine armar omkransa av spisse fjell.
Mot vest ser du neste mål som
er Skorafjellet. Nedfarten frå toppen går i eit fantastisk nedrenn. Her
må ein treffa rett for å koma ned i skard ved Svana og Reinskardsnuten.
Mot vest går terrenget stupbratt utover, så ver obs her.
Du fortset så ned mot Kvannjolvatnet. 559 høgdemeter ned.

Foto: Vassfjøra



På Vassfjøra 1633 m med storslått utsikt over Hardangerfjorde

Skorafjell (1587 m)
Frå lite vatn vest for Kvannjolvatnet går ein inn botnen mot vest opp ein
bratt kneik og så langslakt kursen rett mot Skorafjell med sin store
breskavl. Eit drygt stykke opp på toppen med 500 høgdemeter. Flott
utsikt mot Hardangerfjorden.
Ca 2 timar frå Vassfjøra. Fantastisk nedrenn til Tryglabotn (985 m) 600 m ned.

Foto: Mot Skorafjellet



På veg ned frå Vassfjøra mot Skorafjellet, 2 timar unna

Foto: På Skorafjellet



På Skorafjellet med ny fin fjordutsikt.

Fallet-Norbotnnutplatået:
Ved Fallet går sommarløypa ned til Ulvik. Her er det fint med ein skikkeleg
pause. Her finn du også av og til rennande vatn. Det fann me ikkje
denne gongen og måtte ha 1 times pause med smelting av 6 liter vatn på
parafinbrennar.
Frå Fallet kan ein skri ned på Vesetvatnet og gå
over i Vollbotn og opp på Olsskavlen derifrå. Den mest spenstige og
kortaste ruta er å fylja bratt opp langs Fallet og gå inn på
fjellplatået Fessanuten og Nordbotnnuten, 418 høgdemeter opp. Her kan
du gå innom dei to toppane, men vil nok forlenga turen med ca 1 time.
Me pleier å gå rett fram til det smalet bandet/skardet (Her kjem du til
eit bratt parti ned (150 høgdemeter ned) til skard mot Olsskavlen. Her
må ein treffa rett på høgdebrekket mellom Trollabotn og Vetlebotn. Ved
isete og hardt føre vert det ikkje anbefalt å gå her utan bruk av
stegjern. Bratt, men raskt opp att på toppen av Olsskavlen, 400
høgdemeter. No ser ein godt attende på Vassfjøra der ein var for nokre
timar sidan. Kort i luftlinje, men langt på ski.


Foto: Ned mot Tryglabotn



Nydeleg nedrenn mot Tryglabotn

Foto: Ned frå Fessanuten



Bratt ned i skardet under Fessanuten. Osafjorden i bakgrunnen.

Foto: På Olsskavlen



På Olsskavlen 1575m med utsikt langt attende mot Vassfjøra der me var for ca. 6 timar sidan.

Olsskavlen-Horndalsnuten (1575 m):
Så er det berre å forsetja den tradisjonelle Raundalsryggen vidare mot Voss, gangtid ca 4 timar.

Olsskalven-Seldalsnuten (1555 m), 225 m ned og 190 m opp. Ca 1 time. Nydeleg nedrenn. Nydeleg skavlkant opp mot Seldalsnuten.

Seldalsnuten-Skipadalsnuten (1501 m) , 240 m ned og 190 m opp, ca 1 time. Flott nedrenn.

Skipadalsnuten %96Horndalsnuten (1464 m),
267 m ned og 231 m opp, ca 1 time. Bratt og ofte steinete ned frå
toppen så mange tek av skia og går ned til fots. Ikkje utsette parti,
alle kjem ned her med roleg tempo. Så den siste kneiken opp og ryggen
er gjort.

Horndalsnuten-Skaftedalen, 980 m ned, ca 1 time. Nydeleg nedrenn, men bratt.

Foto: Hurrungane




På Seldanuten med Hurrungane i bakgrunnen.

Foto: Horndalsnuten



Kveld på Horndalsnuten. No er me trøytte og treng mat og pause.

Foto: Ned frå Horndalsnuten



Ned frå Horndalsnuten med Voss og Vangsvatnet i bakgrunnen

SKIUTSTYR:
Åsnes
combat og Åsnes storetind med langefeller og tørrvoks. Combat fungerer
best for dette er ei ski som har lite innsving og er godt eigna på
flate passasjar. Storetind med meir carving gjev meir motstand å gå med
i flate parti, men er betre i bratte nedrenn.
Begge velgjer combat neste gong.
Bruk feller, klister og tørrvoks eller kombinasjon alt etter ver og føre.

Fakta om Raundalsryggen
Kartblad: Ulvik 1316 II, 1416 III
Frå Hallingskeid til Voss : Ca 80 km
Ca 15 timar på ski , ca 2800 høgdemeter opp, ca 3100 m ned
Hallingskeid-Osaskalven: 2 timar
Osaskavlen-Vassfjøra 2 timar
Vassfjøra- Skorafjell ca 2,5 timar
Skorafjell-Tryglabotn (Fallet) ca 0,5 time
Fallet- Nordbotnnuten-skard : 1,5 time
Skard-Olsskalven 1 time
Olsskavlen-Seldalsnuten, 1 time
Seldalsnuten-Skipadalsnuten 1 time
Skipadalsnuten-Horndalsnuten, 1 time
Horndalsnuten-Skaftedalen (øvre Fenno)1 time 1,5 time)

Start for turen: Hallingskeid
Stogg for turen: Skaftedalen i Granvin eller øvre enno i Voss
Kommunikasjon: Tog til Hallingskeid. Retur: Taxi/privatbil

 
        Rediger