Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
REPORTASJAR

Ministrar på besøk
Stork i vinterkulda
Sognefjellet lokkar med fine skiturar
Kald februar over Lønavatnet
Nytt år
Fullmåne
Morgonstemning
Levande bjørk
Sopptur
Einsam laksefiskar i Bolstadfjorden
Skisegling på Finse
På jakt etter steinalderen i Skipshelleren
Reinsdyrmøte på vårsnøen
Kongeørn måtte ha hjelp
Tiurleik - det store vårspelet
Finborud og det norske skieventyret
Møte med kronhjorten
Ishotellet i Alta
Solnedgang i skodde på Slettafjellet
Reinsdyrmøte på Vikafjellet
Måne
Istid

     

Flotafiske på Stamnes
 
Anita Vik tek i mot fangsten med stortorsken og eit bøtte med mindre fisk
 
Å kunna plukka 8-kilos torsk med nevane opp frå sjøen, er ganske uvanleg, men det skjer av og til i fjordstraumen ved Stamnes.
Flotafiske er eit begrep på Stamnes år om anna. Det vil seia at sjå fisk flyt opp i overflata og kan plukkast opp frå sjøen med berre hendene.
Det skjer i straumen mellom Vikafjorden og Veafjorden ved Stamnes sentrum. Når det er mykje ferskvatn og flaum i Vossavassdraget som er på veg utover mot fjorden vert det periodevis berre ferskvatn i den "grunne" straumen.
Sjøfisken som er i området vert då "slått ut" av ferskvatnet og flyt opp. Slik kunne ein oppleva det i området 26. mai 2011.Då kunne ein berre plukka opp torsk på 8 kg med berre hendene. Fisken levde enno såvidt, men var heilt utslått

Då stortorsken vart sløydd, stod symjeblæra oppblåst som ein fotball. Ferskvatnet gjer at fisken ikkje klarer å halda det osmotiske trykket rett og han vert blåst opp som ei ballong.Fisken er heilt flott som matfisk og vart kokt dagen etterpå.

 
 
Sveinung klyve kan berre plukka opp torsken på 7-8 kg med berre hendene.
Fisken lever enn enno såvidt, men er heilt utslått
 



Ein stor  torsk ligg og flyt i overflata med oppblåst mage

 

 
I straumen mellom Vik og Stamnes  er det for tida mykje ferskvatn. Her kan ein oppleva flotafiske
 
 
 
Då stortorsken vert sløydd, står symjeblæra oppblåst som ein fotball.  Ferskvatnet gjer at torsken ikkje klarer å
halda det osmotiske trykket rett og han vert blåst opp som ei ballong.
 
 
 
 Fisken er heilt flott som matfisk og vart kokt dagen etterpå.

 
        Rediger