Som smågut rusla Kristian Finborud i ryggen på far sin på lange skiturar. Opplevingar og inntrykk frå dette kom mange år seinare til uttrykk i kunstverka om ”Det norske skieventyret”.
Inn med morsmjølka
Eg avtalte ein skitur med Finborud for å sjå litt av mannen bak dei artige skibileta. Ein vakker dag i slutten av januar, tok me oss ein skitur i Raundalsfjella på Voss.
-Det er lenge sidan eg har gått på ”bortover-ski” no, lurer litt på kvar skia og nikkersen er, seier han og er glad for å få låna eit par med Åsnes-ski på turen.
Frå Kvitno set me kursen innover mot stølen Remlo. Undervegs tek me ein stogg under ei gamal furu og lagar kaffibål og et nista. -Nett som då eg var smågut. Du veit at frå eg var 5 år så var eg på skiturar kvar helg med far min i Porsgrunn-marka. Me hadde også ein gamal fin støl på Røros, der far min var ifrå. Gjennom eigne guteauger såg han den grå store rypesekken, treskia, eplenikkers, anorakk, beksaumstøvlane, strikkevottane og hua til faren. Og dette er ofte blikkfanget i bileta. Ja det er eventyret om det enkle og trauste, då me som tiåringar gjekk minst ei mil på sundagstur. Me skreiv iherdig ned på distansekortet for å konkurrera med dei andre om å gå lengst på ski, seier han med glød.

Det blir ingen skikkeleg tur utan kaffi kokt på åpen eld.
Fiskebein oppover bratte bakkar er ein gjengangar i teikningane. Dette var før fellene si tid.
Eit av bilda av Finborud, med tittelen "Først til toppen".
Stavheng er eit livslært omgrep hjå Finborud.
Blått og kaldt
-Det var i 2003 då eg skulle ha ei utstilling på Finse at eg måtte ha noko anna å visa fram enn bade- og sommarbilde frå Porsgrunn sin skjærgard. I løpet av ein månad produserte eg 25 ulike skimotiv, som gjekk rett inn mellom skifolket på Finse. Eg hadde dårleg tid og brukte berre blått, som er kaldt og vinterleg. Eg treng ikkje ta ein skitur for å få ny inspirasjon. Det har eg frå tidlegare opplevingar, og då kjem dei rullande ut or handpressa som vakre trykk, i avgrensa tal, nummerert og signert. Dei siste tre månadane har eg laga ca 40 nye skimotiv, seier han.
Med «Det norske skieventyret» kan ein no hyggja seg med Kristian Finborud i bokform. Her har ein samla kunstnaren sine eigne røynsler på ski på godt og vondt. Han er i ferd med å skli rett inn i folkesjela, med sine skildringar frå hytteveggen og i skibakken. Boka har allereie vekt humring, fnising og gapskratt blant turistforeninga sine turfolk. I boka gjev dei korte tekstane ein lunande varme til dei blå og kalde bileta. Kven har ikkje vore frustrert over fiskebein og bakglatte ski og irritert seg over den super-spreke familien i nabohytta?
Han har ulike utstillingar omkring i landet og motiva er mange. Han har ikkje klatra sjølv, men å sitja på stupkanten på Dyrhaugsryggen gav nok frykt og inspirasjon til å laga flotte teikningar med humor om klatring, som vart ein storslager på utstillinga på Turtagrø i 2005.
I pudderdyna
Frå Remlovarden på 960 moh, ser me vidt over Vossefjella denne dagen i klarver og varmande sol. Det er silkeføre med 10 cm pudderdyne på toppen. Det er lett å sjå at Finborud er ”fødd med ski på beina”. Eg kjennar att posituren på mange av teikningane. Og ”stavheng”, å kvila på stavane når ein er trøytt, kjem av seg sjølv undervegs på turen når ein kneik er forsert, og Finboruden må få pusten att. Innover Flatafjellet går det i jamnt trav og han ser nesten ut som ein polarrev der han luskar avgarde.
Eg lokkar med Vetlanosi og utsikt frå 1120 moh. over Oppheim, men dagen er på hell og unnabakkane lokkar. Nedover går det i fine svingar der han meistrar både fokksnø og ustabilt underlag. I eit langdriv er han også nede i posituren til teikninga ”telemarkskongen” før han forsvinn i eit kvit sky og endar på ryggen. Når me er nede ved Fyrjo smiler den raude kveldssola blidt mot oss. Den kvasse månesigden tek oss med over i den kalde blå timen på vegen ned att til Kvitno.
-Dei siste åra har det vorte mest telemarkskøyring i skibakkar, med ”panserutstyr”, men kanskje må eg finna turskia fram att for fullt, nikkar han.
-Takk for årets finaste skitur. -Og neste gong vil eg på Vetlanosi, seier Finborud med sitt gode smil, idet han vinkar farvel midt på Vossevangen.
I flott driv kjem Finborud som i sin eigen teikning ”telemarkskongen”.

Den gode praten, men med litt avstand
Fakta om Kristian Finborud
Fødd 1964 i Porsgrunn.
Gjekk på Voss Folkehøgskule.
Gjekk ut frå Kunsthøgskolen i Bergen i 1988.
Har budd på Voss sidan 1989.
Jobba 10 år som lærar og deltids kunstnar.
Er i dag fulltids kunstnar.
Har spesialisert seg på etsing og trykk.
Har siden 1988 hatt ca. 20 separatutstillinger
Kom