.. over Oppheimsfjella
Publisert: 04.02.10 kl. 08.59
Skribent: Sveinung Klyve, tekst og foto
Siste dagane i januar var det ein herleg stor måne over oss i klarveret.
Månen si bane er ikkje sirkelrund, men ein ellipse, og laurdag 31.1 var månen 50.000 kilometer nærare jorda enn når den er lengst unna.
For oss vil det dermed oppfattast som at månen var breiare og at han lyste 30 prosent sterkere, stod det å lesa på nettsida til Norsk Romsenter.
Månen klar og stor og siste rest av sola vert borte.
Raudleg solnedgang
Som fotograf fylgjer eg alltid med når månen nærmar seg full. Det ideelle er å få han like over fjella medan det enno er raudleg solnedgang på dei.
Månen ser svært stor ut nett når han kjem opp. Han kjem opp om lag 1 time seinare for kvar dag. 29. januar kom han opp kl 15.35 ifylgje GPS-en min. Det tek alltid 0,5-1 time eter det oppgjeven tidspunktet før han kjem over dei høge fjella våre.

Sjå større bilde her.
Minus 17 grader
Eg hadde funne ut at det hadde vore fint å få bilde av han over Oppheim. På sørsida av vatnet sat eg og venta i minus 17 kuldegradar i bilen.
Så brått kl 16.20 kom han opp over fjella i Øvsthusdalen. Fyrst svak i ein dis, men så sterkare. Det heile varte berre 10 minutt før sola var borte frå fjella.
Det byrja å mørkna og teikningane i månen vart borte og han ser meir ut som ein kraftig ljoskastar.
Då er det ikkje meir å ta bilde av for meg. Det vart verkeleg fullklaff denne ettermiddagen