Reinsdyra i Fjellheimen:
I 1930-åra vart det sett ut reinsdyr i området mellom Vik og Voss. Frå 1968 vart reinen definert som vill og området kalla for fjellheimen villreinområde. Talet på dyr er i dag på ca 550-600 dyr. Vikafjellsflokken er på ca 450 dyr, Volaflokken ca 100 dyr
og Stamnes/ Kringsdalsflokken ca 30 dyr (vestsida av Teigdalsvegen). Stamma er av fin kvalitet med god snittvekt og høg produksjon av kalv. Det er store flotte bukkar. Reinsdyrstamma er ein viktig viltressurs i området som det i mange år var mykje strid om forvaltinga av. Ein ny bestandplan som vart vedteken i 2002 har roa gemyttane og gjeve betre samarbeid. 160 løyve på jakt vart gjeve i 2002. 83 % (138 dyr) vart felt.
Det er begrensa med vinterbeite med lite lav, som snøar og isar ned.
Dyra brukar beitet i ein 10-års syklus og flytter på seg til nye område. Det er svært gode sommarbeite som grønskast heile tida. Reinsdyra kjem ned i dalane og et gras om våren
Klikk på bildet for å få sjå større versjon.

Klikk på bildet for å få sjå større versjon.