Tek du turen til Finse kan du få ei fin vinteroppleving på ski. Prøver du skisegling får du kombinert to tradisjonsrike norske fritidsaktivitetar - segling og ski. Og vind er der nesten alltid på Finse.
Høgt i sky:
Den erfarne seglaren klarar all vind og kjem seg dit han vil. Han klarar også luftige fine hopp og kan komma seg langs oppover bratte bakkar. For å få seglinga bra til, må ein vera god på ski, for det vert ein del rykk og ein må leggja vekta imot for å halda seg oppe. Ein må også ha stødige fjellski med stålkantar og breidde og stive støvlar så ein klarer å skjera snøen bortover. Nokon brukar randonee-ski, men det beste er nok gode telemarkski utan for mykje karving, då desse er betre å styra rett framover og dei er lettare å gå med dersom ein kjem langt på avvegar.
Finsevinden:
På Finse er du på 1222 m oh. Og det er nesten alltid vind. Finsevatnet er ei god flate til å trena seg på og på sørsida kan ein segla seg opp mot breen. Finse er staden der skisegling starta opp og dette er vorte ein møteplass for skiseglarar i Norge. Ta med skia eller leig det du treng, for på Finse er du i vinden stort sett heile tida...
Skiutstyr:Bruk fjellski med stålkant og stive sko.
Åsnes har utvikla skia Dragefjell. Dette er ein brei fjellski utan karving.
Combat er også godt eigna.
Fakta om turen:Du tek toget til Finse:
2 timar frå Voss og 3 timar frå Bergen
Du kan ta helgekurs eller dagskurs i skisegling med eller
utan overnatting.
Meir info på
www.finse1222.no